Heisann, eg ser etter alternativ for båtforsikring og arbeider med følgjande plan:

1: Kjøpe seglbåt, omkring 50 ft men avhengig av kor mange som faktisk vert med, i California i slutten av 2012.
2: Reise langs Amerikakysten inntil det er tid for å krysse vestover i februar.
3: Cruise rundt eit års tid i Stillehavet.
4: Ende opp i Australia for å selje båten der.

Satser på eit mannskap på mellom 5-8 ombord.

Spørsmål:
a) Korleis gjer ein det med forsikring av sjølve båten? Har sett Pantaenius føreslått, men kva pris taler vi eigentleg om her? Verdien på båten vert mellom 5-800,000 kroner.

b) Kva bør ein ha av internasjonal sertifisering (i tillegg til radiooperatør)?

c) Satser på å ha moglegheit for 2 mannskapsskifte på turen, kva stader i stillehavet er best tilgjengelege for dette? Fiji er allereie eit av alternativa.

d) Eventuelt :) - Alle tips mottas med takk!

Vennleg helsing Erlend

Visninger: 437

Svar på dette

Svar til denne diskusjonen

Tusen takk! Artig blogg forresten, vart ikkje mindre gira på reisa no akkurat :). Lurer veldig på å kjøpe katamaran sjølv - har aldri prøvd det før men det ser nesten ideelt ut med tanke på lugarar til mannskap, god plass og lite djupgåande i høve til lengde på båten. Kva er dine erfaringar med pluss og minus med ein slik båt?
hei

a) vi var forsikret for 960 000 og det kostet 55 000 danske for et år. Ettersom vi brukte et år og en måned, endte vi opp med å betale for ett kvrtal med dekning av europa og tror det var ca 6 000.
Takk for svar Jon-Håkon! Dette var vel med Pantaenius forstår eg. 5% av båten er det jo definitivt verdt for å sikre seg mot at heile verdien går tapt, i alle fall om det er fleire eigarar involvert som kanskje ikkje har råd til å tape sin del av investeringa. Dekka dette forresten skade gjort av tredjepart på båten også? Kan eg spørre kva type båt det var, modell og år?

RSS

På sorgenfri.com møter du likesinnede som liker seiling og da spesielt langseilere som digger langseiling eller jordomseiling.

© 2024   Opprettet av Sorgenfri.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår